REA3002 Biologi 2 Eksamen for Vår 2020 PDF

Title REA3002 Biologi 2 Eksamen for Vår 2020
Author Daniel Andre
Course Biologi
Institution Videregående skole (VG)
Pages 60
File Size 2.5 MB
File Type PDF
Total Downloads 84
Total Views 157

Summary

Dette er Biologi 2 eksamen for våren 2020....


Description

Eksamen 27.05.2020

REA3002 Biologi 2

Seeksamenstipspåbaksiden! Nynorsk/Bokmål

Nynorsk Eksamensinformasjon Eksamenstid

5 timar. Del 1 skal leverast inn etter 2 timar. Del 2 skal leverast inn seinast etter 5 timar. Du kan begynne å løyse oppgåvene i Del 2 når som helst, men du kan ikkje bruke hjelpemiddel før etter 2 timar – etter at du har levert svara for Del 1.

Hjelpemiddel

Del 1: Skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar. Del 2: Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå opent Internett og andre verktøy som kan brukast til kommunikasjon. Når du bruker nettbaserte hjelpemiddel under eksamen, har du ikkje lov til å kommunisere med andre. Samskriving, chat og andre måtar å utveksle informasjon med andre på er ikkje tillate.

Bruk av kjelder

Dersom du bruker kjelder i svaret ditt, skal dei alltid førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Du skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på både lærebøker og annan litteratur. Dersom du bruker utskrifter eller sitat frå Internett, skal du føre opp nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato.

Vedlegg

Vedlegg 1 Eige svarskjema for oppgåve 2.

Vedlegg som skal leverast inn

Vedlegg 1 Eige svarskjema for oppgåve 2 finn du lengst bak i oppgåvesettet.

Informasjon om fleirvalsoppgåva

Oppgåve 2 har 24 fleirvalsoppgåver med fire svaralternativ: A, B, C og D. Det er berre eitt riktig svaralternativ for kvar fleirvalsoppgåve. Blankt svar er likeverdig med feil svar. Dersom du er i tvil, bør du derfor skrive det svaret du meiner er mest korrekt. Du kan berre svare med eitt svaralternativ: A, B, C eller D. Eksempel Eit fellestrekk ved fotosyntesen og celleandinga er at A) B) C) D)

begge prosessane er uavhengige av enzym begge prosessane skaffar energi til cellene begge prosessane skjer i cytoplasmaet begge prosessane skjer i mitokondriane

Dersom du meiner at svar B er korrekt, skriv du «B B» på svararket i vedlegg 1. Skriv svara for oppgåve 2 på eige svarskjema i vedlegg 1, som ligg heilt til sist i oppgåvesettet. Svarskjemaet skal rivast laus frå oppgåvesettet Eksamen

REA3002

Side 2 av 60

og leverast inn. Du skal altså ikkje levere inn sjølve eksamensoppgåva med oppgåveteksten. Kjelder

Sjå kjeldeliste side 56. Andre grafar, bilete og figurar: Utdanningsdirektoratet

Informasjon om vurderinga

Karakteren ved sluttvurderinga blir fastsett etter ei heilskapleg vurdering av eksamenssvaret. Dei to delane av svaret, Del 1 og Del 2, blir vurderte under eitt. Sjå eksamensrettleiinga med kjenneteikn på måloppnåing til sentralt gitt skriftleg eksamen. Eksamensrettleiinga finn du på Utdanningsdirektoratets nettsider.

Eksamen

REA3002

Side 3 av 60

Del 1

Oppgåve 1 Skriv korte svar på oppgåve 1a, 1b, 1c og 1d. Kvart svar skal ikkje vere på meir enn éi A4-side. a)

Ta utgangspunkt i feltarbeidet ditt. 1. Skisser ei næringskjede med fire ledd. Bruk artsnamn frå feltarbeidet ditt. 2. Beskriv korleis biomagnifisering kan skje i denne næringskjeda.

b)

Figuren under viser trinn i terapeutisk kloning.

Lag ein tekst der du beskriv kvart trinn med 1–2 setningar. Bruk fagomgrep, og vis til tala i figuren når du svarer.

Eksamen

REA3002

Side 4 av 60 

c)

Figuren under beskriv endringar i talet på individ over tid av ein planteetar.

Beskriv endringane i talet på individ mellom tidspunkt A og tidspunkt B. Vel to faktorar som kan forklare endringane, og beskriv korleis desse faktorane påverkar talet på individ. d)

Hos ein flueart blir fargen på kroppen bestemt av eit kjønnsbunde gen på X-kromosomet, der allel/genvariant A gir grå kropp og allel a gir svart kropp. Lengda på vengjene blir bestemt av eit anna gen, der allel B gir lange vengjer og allel b gir korte vengjer. Gena er ikkje kopla. Ei svart hoe blir kryssa med ein grå hann. Begge fluene er heterozygote for eigenskapen vengjelengd. 1. Set opp eit krysningsskjema, og bestem kor stor del av avkomma som er grå hoer med lange vengjer. 2. Vi ser no berre på eigenskapen vengjelengd. I ein tenkt populasjon er frekvensen for allel b lik 0,3. Rekn ut frekvensen for heterozygot genotype.

Eksamen

REA3002

Side 5 av 60 

Oppgåve 2

Fleirvalsoppgåver

Skriv svara for oppgåve 2 på ei eige ge svarskjema i vedlegg 1. (Du skal altså ikkje levere inn sjølve eksamensoppgåva med oppgåveteksten.) Den unge biologen 1)

Figuren under viser resultata frå fotosynteseforsøk.

Punktlista viser tre påstandar om resultata frå fotosyntese-forsøka. 1. I punkt A i figuren er lysintensitet ein avgrensande faktor. 2. I punkt B i figuren er konsentrasjonen av CO2 ein avgrensande faktor. 3. I punkt C i figuren er temperatur ein avgrensande faktor.

Kva for svaralternativ er best? A)

Berre påstand 1 er riktig.

B) Berre påstand 1 og 2 er riktige. C) Berre påstand 2 og 3 er riktige. D) Alle påstandane er riktige.

Eksamen

REA3002

Side 6 av 60 

Energiomsetning 2)

Punktlista viser fire påstandar om enzym. 1. Enzym kan innehalde metallion. 2. Enzym aukar bevegelsesenergien til molekyl. 3. Nokre enzym katalyserer nedbrytinga av molekyl. 4. Nokre enzym tilfører aktiveringsenergi som trengst for å starte ein reaksjon. Kva for påstandar er riktige? A)

Påstand 1 og 2

B) Påstand 1 og 3 C) Påstand 2 og 4 D) Påstand 3 og 4

Eksamen

REA3002

Side 7 av 60 

Du skal bruke figuren og informasjonen under i oppgåve 3 og 4. Figuren viser to enzymreaksjonar, Reaksjon 1 og Reaksjon 2. Forsøka blei gjennomførte under identiske vilkår, bortsett frå at éin av reaksjonane gjekk føre seg med hemmar/inhibitor.

3)

4)

Korleis kan vi best forklare at Reaksjon 2 har lågare reaksjonshastighei t enn Reaksjon 1 ved substratkonsentrasjonen 3 g/mL? A)

Reaksjon 2 går føre seg med ein konkurrerande hemmar i det aktive setet.

B)

Reaksjon 2 går føre seg med ein ikkj e-konkurrerande hemmar i det aktive setet.

C)

Reaksjon 2 går føre seg med ein konkurrerande hemmar i det allosteriske setet.

D)

Reaksjon 2 går føre seg med ein ikkj e-konkurrerande hemmar i det allosteriske setet.

Korleis kan vi best forklare at kurvene flatar ut ved 60 mL produsert gass per minutt? A)

Enzyma er denaturerte.

B)

Alle dei aktive seta i enzyma er opptekne.

C)

Enzyma er blitt hemma/inhiberte.

D) Substratet til enzyma er oppbrukt.

Eksamen

REA3002

Side 8 av 60 

5)

Kva for påstand beskriv best kva som skjer i antennekomplekset når pigment absorberer energi? A)

Elektron blir overførte frå oksygengass.

B)

Elektron blir overførte frå NADPH.

C)

Elektron blir eksiterte og overførte til elektrontransportkjeda.

D) Elektron blir eksiterte og fell tilbake t il si opphavlege bane.

6)

Punktlista viser tre prosessar i fotosyntesen. 1. Karbon blir fiksert. 2. ATP blir danna. 3. O2 blir danna. I kva rekkjefølgje skjer prosessane? A) 1, 2, 3 B) 1, 3, 2 C) 3, 1, 2 D) 3, 2, 1

Eksamen

REA3002

Side 9 av 60

7)

Punktlista viser fire prosessar. 1. proteinsyntese 2. lysuavhengig del / syntesedel 3. replikasjon av DNA 4. Krebssyklusen I kva for prosessar blir ATP brukt?

8)

A)

1, 2 og 3

B)

2, 3 og 4

C)

Berre 2 og 3

D)

Berre 1 og 4

Punktlista viser fire påstandar om celleandinga. 1. NADH blir danna i glykolysen. 2. Enzymet rubisco deltek i Krebssyklusen. 3. CO2 blir spalta av i matriks / det inste rommet i mitokondriet. 4. Vatn blir danna i rommet mellom membranane i mitokondriet. Kva for påstandar er riktige? A)

Påstand 1 og 2

B)

Påstand 1 og 3

C)

Påstand 2 og 4

D)

Påstand 3 og 4

Eksamen

REA3002

Side 10 av 60

9)

Figuren viser eit DNA-fragment.

Kva for pil peiker på ein 3’-ende av DNA-fragmentet? A)

Pil 1

B)

Pil 2

C)

Pil 3

D) Pil 4

Eksamen

REA3002

Side 11 av 60

10)

Figuren viser homologe kromosom ved starten av meiose.

Kva for figur viser resultatet av ei overkrysning?

A) Figur 1 B) Figur 2 C) Figur 3 D) Figur 4

11)

Punktlista viser tre påstandar. 1. I RNA-spleisinga fjernar enzym alle eksona. 2. Etter RNA-spleisinga blir pre-mRNA danna. 3. Pre-mRNA kan innehalde intron. Kva for svaralternativ er best? A) Berre påstand 1 er riktig. B) Berre påstand 3 er riktig. C) Påstand 1 og 2 er riktige. D) Påstand 2 og 3 er riktige.

Eksamen

REA3002

Side 12 av 60

12)

Ein mutasjon fører til insersjon av T etter fjerde nukleotid frå venstre i eit gen. Under ser du DNA-sekvensen frå genet: AAA GCT ACC TAT CGG TTA Kva for endring fører denne mutasjonen mest sannsynleg til? A)

Berre den første aminosyra blir endra.

B) Berre den andre aminosyra blir endra. C) Alle aminosyrene etter den første blir endra. D) Alle aminosyrene blir endra.

Genetikk 13)

Figuren under viser eit slektstre med tre generasjonar marsvin. Pelsfargen hos marsvin blir bestemt av eitt gen, der dominant allel/genvariant B gir svart pels og recessivt allel b gir kvit pels.

Kva er sannsynet for at individ 5 er heterozygot? A)

25 %

B) 50 % C)

75 %

D) 100 %

Eksamen

REA3002

Side 13 av 60 

14)

Lengda på pelsen hos ein art mus blir bestemt av eitt gen, der dominant allel/genvariant A gir kort pels og recessivt allel a gir lang pels. Fargen på pelsen blir også bestemt av eitt gen, der dominant allel B gir mørk pels og recessivt allel b gir lys pels.. Ei mus med lang og lys pels (aabb) fekk mange avkom med ei mus som er heterozygot for begge eigenskapane (AaBb). Tabellen viser andelane av dei ulike fenotypane hos avkomma.

Kort og lys pels Aabb

Kort og mørk pels AaBb

Lang og lys pels aabb

Lang og mørk pels aaBb

44 %

7%

8%

41 %

Kva for figur viser korleis allela er plasserte hos forelderen som er heterozygot for begge eigenskapane? A) Figur A B) Figur B C) Figur C D) Figur D

Eksamen

REA3002

Side 14 av 60 

15) Figuren viser tre celler frå same organisme. Kvar celle er i eit stadium av enten meiose eller mitose.

Kva påstand om cellene er riktig? A)

Celle X og Celle Z er i mitose, og Celle Y er i meiose.

B)

Celle X er i mitose, og Celle Y og Celle Z er i meiose.

C)

Celle X og Celle Z er i meiose, og Celle Y er i mitose.

D)

Celle X er i meiose, og Celle Y og Celle Z er i mitose.

Bioteknologi 16)

Punktlista viser fem fasar i genmodifiseringa av ein bakterie. 1. Bakterien tek opp plasmidet. 2. Genet blir sett inn i plasmidet ved ligase. 3. Eit gen blir isolert frå humant DNA. 4. Den genmodifiserte bakterien blir klona. 5. Eit plasmid blir kutta opp av eit restriksjonsenzym. Kva er dei tre første fasane i prosessen? A) 3, 1, 4 B) 3, 5, 2 C) 5, 2, 1 D) 5, 2, 4

Eksamen

REA3002

Side 15 av 60 

17)

Figuren viser oppsettet og resultatet av ein gelelektroforese.

Kva viser P og Q? A)

P viser korte DNA-fragment, og Q viser positiv pol.

B)

P viser korte DNA-fragment, og Q viser negativ pol.

C)

P viser lange DNA-fragment, og Q viser positiv pol.

D) P viser lange DNA-fragment, og Q viser negativ pol.

Eksamen

REA3002

Side 16 av 60

18)

Figuren under viser DNA-fragment med og utan radioaktivt merkte nukleotid.

I ein PCR blei eit umerkt DNA-molekyl tilsett radioaktivt merkte nukleotid. Kva for DNA-fragment får vi etter to syklusar/rundar med PCR?

A)

Figur A

B) Figur B C) Figur C D) Figur D

Eksamen

REA3002

Side 17 av 60 

19) Punktlista nemner ulike typar celler. 1. 2. 3. 4.

celler frå navlestrengsblod celler frå blastocyst celler frå beinmarg celler frå terapeutisk kloning

Kva for celletypar kan vere kjelder til pluripotente stamceller? A)

Celletype 1 og 2

B) Celletype 1 og 3 C) Celletype 2 og 4 D) Celletype 3 og 4

Eksamen

REA3002

Side 18 av 60

Økologi 20)

Figuren under viser korleis fødsels- og dødsraten endrar seg i ein populasjon i løpet av ein viss tidsperiode.

Under ser du fire moglege vekstkurver for populasjonen i den same tidsperioden.

Kva for figur viser best korleis populasjonsstorleiken endrar seg i denne tidsperioden? A)

Figur 1

B) Figur 2 C)

Figur 3

D) Figur 4

Eksamen

REA3002

Side 19 av 60

21)

Figuren under viser overlevingskurver for ulike artar.

Kva for kurve beskriv best ein r-selektert art? A)

Kurve 1

B) Kurve 2 C)

Kurve 3

D) Kurve 4

Evolusjon 22)

Punktlista viser fire påstandar om seleksjon. 1. Den genetiske variasjonen i ein populasjon blir mindre over tid. 2. I ein dyrepopulasjon kan dei minste individa gøyme seg for predatorar, medan dei største kan forsvare seg mot predatorar. 3. I ein fjellrevpopulasjon minkar den gjennomsnittlege øyrelengda over tid. 4. Ein insektart har endra seg svært lite gjennom ein lang tidsperiode. Kva for påstandar beskriv stabiliserande seleksjon eller viser ein konsekvens av stabiliserande seleksjon? A)

Påstand 1 og 2

B)

Påstand 1 og 4

C)

Påstand 2 og 3

D)

Påstand 3 og 4

Eksamen

REA3002

Side 20 av 60

23)

Gå ut frå at hannane i den felles stamforma til artane i slektstreet/utviklingstreet under hadde lang hale, ytre øyre, ytre testiklar og klør som ikkje kunne trekkjast inn. Gå ut frå at alle evolusjonære endringar er viste i treet (svarte merke).

Kva for eigenskapar har Art X? A)

klør som kan trekkj ast inn, lang hale, ytre øyre, ytre testiklar

B)

klør som kan trekkj ast inn, kort hale, ikkje ytre øyre, testiklar i buken

C)

klør som ikkje kan trekkjast inn, lang hale, ikkje ytre øyre, ytre testiklar

D)

klør som ikkje kan trekkjast inn, kort hale, ytre øyre, testiklar i buken

Eksamen

REA3002

Side 21 av 60

24)

Ein art blir delt i to populasjonar av ein geografisk barriere. Figuren under beskriv åtte moglege situasjonar i løpet av ein lang eller kort tidsperiode.

Lys og mørk farge på kartet symboliserer korleis ein sentral miljøfaktor varierer geografisk. Pilene symboliserer genflyten mellom populasjonane, tjukk pil betyr meir genflyt enn tynn pil. Punktlista viser påstandar om to av situasjonane. 1. Situasjon 7 gir minst sannsyn for artsdanning. 2. Situasjon 2 gir størst sannsyn for artsdanning. Kva for svaralternativ er best? A)

Begge påstandane er feil.

B)

Berre påstand 1 er riktig.

C)

Berre påstand 2 er riktig.

D)

Begge påstandane er riktige.

Eksamen

REA3002

Side 22 av 60

Del 2

Du skal svare på alle oppgåvene: oppgåve 3, oppgåve 4 og oppgåve 5.

Oppgåve 3 Nokre elevar skal kartleggje abiotiske og biotiske faktorar i ein skog. Dei trekkjer tilfeldig ut 10 punkt i skogen og måler opp ei kvadratisk rute ved kvart punkt. Dei måler deretter lysintensiteten og registrerer talet på individ av art A og av art B innanfor kvar rute (sjå tabellen under). Tabell 1 Lysintensiteten og talet på individ av artane A og B i kvar av dei oppmålte rutene. Talet på individ Rute nr.

Art A

Lysintensiteten

Art B

(% av maksimalt innkommande lys)

1

16

0

5

2

4

39

80

3

20

0

15

4

4

38

80

5

20

10

30

6

6

29

90

7

7

19

60

8

3

18

65

9

0

25

85

10

4

27

70

a)

Forklar kvifor elevane brukte tilfeldig utvalde ruter i kartlegginga.

b)

Lag éin figur som viser talet på individ av art A og av art B som funksjon av lysintensiteten.

c)

Gi ei forklaring på forskjellen i talet på individ av art A og art B.

Eksamen

REA3002

Side 23 av 60

Elevane målte konsentrasjonen av CO2 i lufta nede ved bakken og oppe i tretoppane på ulike tidspunkt i løpet av dagen. Figuren under viser resultata.

Figur 1 Konsentrasjonen av CO2 nede ved bakken og oppe i tretoppane. d)

1. Gi ei forklaring på kvifor CO2-konsentrasjonane er høgare nede ved bakken enn oppe i tretoppane. 2.

Eksamen

Gi ei forklaring på kvifor CO2-konsentrasjonane er høgare kl 06.00 enn kl 22.00.

REA3002

Side 24 av 60

Oppgåve 4 Forskarar har undersøkt kva for faktorar som påverkar tettleiken av ulv. Forskarar registrerte talet på ulv og rekna ut biomassen av byttedyr i fleire område. Figuren under viser resultata.

Figur 2 Talet på ulv som funksjon av biomassen av byttedyr. Kvar sirkel symboliserer eit område.

a) 1. Viser dataa at tettleiken av ulv aukar, er uendra eller går ned når biomassen av byttedyr aukar? Forklar kvifor forskarane finn denne samanhengen. 2.

Eksamen

Figuren viser at biomassen av byttedyr er omtrent lik for område A og område B. Gi ei mogleg forklaring på kvifor talet på ulv er mindre i område B enn i område A.

REA3002

Side 25 av 60

Forskarar har samanlikna DNA frå ulvar som lever i dag, med ulvar som levde på 1800-talet. Tabellen under viser kva for variantar av eit gen som blei observerte, og i kolonnen «Observerte genetiske variantar» representerer kvar bokstav ein variant.

Tabell 2 Samanlikning av genetiske variantar hos ulv i Vest-Europa før og no.

DNA frå ulvar som levde på 18001800-ttalet

DN DNA A frå ulvar som levde på 2000- talet Observerte Talet på genetiske ul ulvar var i studien variantar

Populasjon

T...


Similar Free PDFs